Strategiske ambisjonar og overordna mål
Fram til 2030 har vi tre strategiske ambisjonar og seks overordna mål.
Utdanning og forsking for samfunns- og arbeidslivet
Vi skal halde fram med å styrkje kvaliteten i utdanning og forsking for å fremje eit velfungerande samfunns- og arbeidsliv og for utviklinga av det norske velferdssamfunnet. Utdanninga og forskinga vår er integrert og tett på arbeidslivet. Dette er berebjelken for å byggje menneske og samfunn, og for å bidra til å løyse samfunnsutfordringar.
Mål 1. Dei profesjons- og arbeidslivsretta utdanningane våre skal dekkje framtidas kompetansebehov.
Vi styrkjer tilbodet av utdanningar med høg kvalitet og med gjennomgåande utdanningsløp til og med ph.d.-grad. Studietilbodet vårt skal vere fleksibelt og tilpassa studentar i ulike livsfasar. Kortare utdanningar skal vi kunne innpasse i gradsstudia. Høge søkjartal, kvalifiserte og motiverte søkjarar og god gjennomstrøyming er føresetnader for å lykkast, og vi arbeider målretta med rekruttering, relevans og tilgjenge.
Vi har eit stimulerande og tilgjengeleg læringsmiljø som er mangfaldig, internasjonalt og inkluderande. Vi vektlegg studentaktive lærings- og undervisningsformer som engasjerer og fremjar læring på både fysiske og nettstøtta læringsarenaer. Studentar tek del i forsking, noko som hevar kvaliteten i utdanningane våre. Vi gjev studentar tilbod om praksis og prosjektsamarbeid med arbeidslivet i fleire studium.
Mål 2. Forskinga vår held høg internasjonal kvalitet og er med på å forme samfunns- og arbeidslivet.
Vi styrkjer forskinga ved å vidareutvikle eksisterande forskingsmiljø, og byggje fleire, nasjonalt og internasjonalt leiande forskingsmiljø. Vi utviklar og gjev prioritet til tverrfagleg forsking. Vi forskar saman med samfunns- og arbeidslivet, aukar den eksterne forskingsfinansieringa og styrkjer innsatsen for å gjere forskinga meir open.
Forskinga blir teken i bruk i utdanningane våre og får gjennomslag i samfunns- og arbeidslivet, også internasjonalt. Forskartalent og dyktige forskingsleiarar får utvikle seg og driv forskingsfelt framover, noko som også gjer oss meir attraktive som arbeidsplass og samarbeidspartnar.
Ei sterk innovasjonskraft
Høg kompetanse og mangfald blant tilsette og studentar, eit stort geografisk nedslagsfelt og tette relasjonar til samfunns- og arbeidslivet gjer oss til ein sentral innovasjonsaktør. Innovasjonsarbeidet vårt bidreg til sosial, miljømessig og økonomisk berekraft.
Mål 3. Ansvarleg innovasjon pregar samhandlinga vår med samfunns- og arbeidslivet.
Ansvarleg innovasjon står sentralt i utviklinga av eit berekraftig samfunn med nye, grøne og konkurransedyktige arbeidsplassar og auka kvalitet i offentleg sektor. Tilsette hos oss byggjer innovasjonskapasitet gjennom forsking og utdanning og i samskaping med partnarar i samfunns- og arbeidslivet. Vi legg til rette for at tilsette og studentar omset kunnskap til nye eller forbetra produkt, tenester og metodar.
Mål 4. Organisasjonen vår er kjenneteikna av at vi søkjer forbetring.
Vi organiserer oss slik at vi har høg kvalitet i kjerneverksemda, god brukarorientering og effektiv og berekraftig drift. Vi skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar som trekkjer til oss, beheld og utviklar kompetente medarbeidarar. Gjennom endring og forbetring i eigen organisasjon skal vi styrkje fortrinna våre til nytte for både oss sjølve og samarbeidspartnarane våre.
Les meir om vårt innovasjonsarbeid
Ein ambisiøs samfunnsaktør
Som eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet fremjar vi vitskaplege tenkjemåtar, akademisk fridom og kunnskapsbaserte avgjerder. Vi er det inkluderande, utfordrande og samhandlande fleircampusuniversitetet på Vestlandet. Vi er den føretrekte kunnskapspartnaren i regionen, og vi har stort truverd og eit godt omdømme.
Mål 5. Vi er eit samskapande universitet med levande campusar som tek ei tydeleg regional rolle.
Vi utnyttar potensialet som ligg i at vi er til stades i heile regionen, og styrkjer rolla vår i den regionale utviklinga. I samskapinga med samfunns- og arbeidslivet tek vi ei leiande rolle, og ved å utøve forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet er vi ein sterk brubyggjar og føretrekt samarbeidspartnar. Vi utviklar fleircampusuniversitetet og hentar ut gevinstar av samarbeid på kvar campus og på tvers av fleire campusar. Vi skal styrkje alle campusane våre som attraktive arbeids- og studiestader kjenneteikna av mangfald, høgt fagleg nivå og kultur for samskaping og læring.
Mål 6. Vi deler kunnskap og deltek aktivt i samfunnsdebatten.
Vi set dagsorden og formidlar kunnskap om og frå fagområda våre. Vi synleggjer den kunnskapen vi skaper gjennom å delta i det offentlege ordskiftet. Tilsette og studentar har forskingsetisk medvit og vitskapleg integritet. Vi har ein tydeleg nynorsk profil og vi skal arbeide aktivt for norsk som eit fullverdig vitskapeleg språk.
Les meir om vårt samfunnsbidrag